Vakre valmuar

Når døgnet har mange lyse timar og fuglane syng der ute, foldar valmuane ut sine silkemjuke kronblad og vender seg mot morgonlyset.

Publisert

Valmuane har elden og regnbogen sine fargar, og dei er sommarens glade sendebod kvar hen vi møter dei. Valmuefamilien, Papaveraceae, innehar om lag 100 arter av eitt eller fleirårige urter der Papaver er den største gruppa. Blomstene er fint forma med sterke fargar som gir effektfulle innslag i hagen.

Valmuefrø spirer lett, men frøa er små, og spirene likar lite omplanting. Ofte er det best å så dei i små beger og plante dei ut når faren for nattefrost er over.

Valmuar klarer seg på alle slags jordtypar, og i vanleg god hagejord finn dei seg vel til rette utan særleg gjødsel.

Californiavalmue

Californiavalmue (Eschscholzia californica) er ein eittårig art i valmuefamilien som er fin å ha i hagen. Som namnet seier kjem denne frå California og den er nasjonalblomst i delstaten der. Før voks det så mange av dei at europearar som kom dit, kalla ofte California for The Golden West eller The Land of Fire.

Californiavalmuen har findelte blad og blomster i nesten alle fargar. Begerblada er forma som ei spiss hette, og etter som blomsten opnar seg i morgontimar, vart det sagt at nå kastar valmuen nattlua av. Lik løvetann opnar blomstene seg best i solskin, så dei bør ha sin plass på solopne stader. Blomstene kan etast, og urfolka i California brukte før å lettgrilla dem på varme steinar.

Silkevalmue

Blant dei mange vakre valmuar er den eittårige silkevalmuen ellerkornvalmuen (Papaver rhoeas) ein av dei best kjende. Før var denofte vanleg ugras i åkrar. Med sine blodraude blomster strekte deisine tynne stenglar opp mellom gyllent korn. Der fekk dei støtte til å vende seg mot lyset og vere til nytte for flygande insekt som samla pollen der. 

Silkevalmuane sår seg lett i open jord. Etter første og andre verdskrig voks det opp store mengder av silkevalmuer i Flandern og Normandie. Rundt bombekrater og beltespor kledde dei markenesom minneblomster over dei fallne. Ein nyare gruppe av silkevalmuemed sterkt raude blomster har i ettertid fått namnet Shirley. Dei erei blanding av enkle og halvfylte blomster med mange rosa og kvitenyansar. Frø av desse blir ofte brukt som hagevalmuar.

Opiumsvalmue

Ein annan eittårig valmue som ikkje må etast og langtmindre brukast på ulovleg måte, er opiumsvalmuen(Papaver somniferum). Så visst er valmuen vakker, men detden har forårsaka gjennom tidene er ikkje berre vakkert.I dei umodne frøkapslane til opiumsvalmuen er detei kvit mjølkesaft som størknar i luft, i denne råopiumener det fleire sterkt giftige alkaloider, der morfin erden mest vanlege. Morfin blir nytta i medisinen medsmertestillande og roande verknad, men ved å brukaråopium som narkotika, gir det rask tilvenjing medtragiske følgjer.Svevnen sin blomst kalla dei greske historieskrivaraneopiumsvalmuen, og i Shakespeares drama Othello erdet nemnt at valmuen er venn av den lange svevnen.

STOR Orientvalmue blir heile 50 cm høg.

Flerårige valmuer

KRAVLAUS Sibirvalmue har gule, raude eller
oransjeraude blomster og sjølvsår seg gjerne.
KRAVLAUS Sibirvalmue har gule, raude eller oransjeraude blomster og sjølvsår seg gjerne.

Sibirvalmue (Papaver croceum syn. Papaver nudicaule) erein mindre fleirårig valmue som krev lite stell og høveri «hagar som passar seg sjølve». I bed, blomsterengerog fjellhagar er dei alltid like dekorative med sine tindrandeblomster i oransje og gult. Sibirvalmuene spirerlett av frø og sår seg ofte sjølv utan å bli ugrasaktige.Ein annan fleirårig valmue er orientvalmue (Papaverorientale) med sine store skarlagenraude, oransje og kviteblomster markerer dei sin plass i hagen, og det finst ogkultivarar i andre fargar.I vind og sterkt regn fell blomsterstenglane lett overende, så dei treng ofte støtte eller oppbinding.Sol, sommar og valmuar høyrer saman, og dei er ogsåpoesien og det forgjengelege sine blomster. Ein minnestdet vakre når anna er gløymt.

Powered by Labrador CMS