Lag jorda sjølv. Kompostering. Lyngdal hagelag.

I utgangspunktet er det å lage jord ein naturleg og livsviktig prosess som går meir eller mindre av seg sjølv. Det er likevel ein del ting vi kan gjere for å gjere prosessen raskare og meir effektiv. Som alltid går alt greiare når vi forstår prosessane og kan gripe inn for å styre kva som skal skje.

Komposthaug
Enkel kompost av hageavfall.

Øyvind Hoven Oftedal har ein veldriven hage bygd opp gjennom fleire år ved å eksperimentere med ulike former for kompostering. Han har såleis mange års røynsle med å laga si eige jord. Som perfeksjonist ønskjer han også å lære mest mogleg om biologien som er grunnlaget for prosessane i komposthaugen eller kvar komposteringa går føre seg.
Han er ein ivrig forkjempar for nettopp dette med å klare seg sjølv så langt det er råd, og dyrker det meste han treng sjølv. Så du møter ein kunnskapsrik person. I tillegg møter du mange andre med gode kunnskapar om dyrking av pryd- og/eller nyttevekster, så har du eit hageproblem, er hagelagsmøta rette staden.
I tillegg til nytteverdien av komposteringa, kan du også få 500 kr. i avslag på renovasjonsavgifta (gjeld i alle fall i Lyngdal kommune) dersom du har eit godkjent varmkomposteringsanlegg. Lyngdal kommune gir ikkje tilskot til innkjøp av komposteringsutstyr.
Kan hende du dette året lagar jorda og næringa ho treng i staden for å kjøpe meir eller mindre omdanna torv.
Det er altså svært mange gode grunnar for å møte opp på Rosfjord strandhotell onsdag 5. februar kl. 19.
Som vanleg blir det gratis utlodding på inngangsbilletten og god servering.
Inngangsbilletten kostar 50 kr. for medlemmer i eit hagelag, 100 kr. for andre.