Bli med på planting og pynting i Kviteseid sentrum!

Bli med på planting og pynting i Kviteseid sentrum!

I mai, juni og juli kvart år jobbar vi med å halde Kviteseid sentrum pynta.

Kvar vår plantar vi amplar og blomstertårn som vi set ut og heng opp rundt i Kviteseid sentrum. Vi har også ansvar for litt luking i sentrum og stell av blomsterbed ved Kviteseid Omsorgssenter. Vi inviterer til dugnad når det nærmar seg, og vi vil gjerne ha deg med på laget – slik får vi ein finare stad å bu!