Jakta på hagerømlingane

Jakta på hagerømlingane

temamøte, Gloppen ungdomsskule onsdag 14.februar kl.19.

Det er kome hagerømlingar til Gloppen, til Jølster og Eid også.

  • Kven er dei- korleis ser dei ut?
  • Kvar finn vi dei?
  • Korleis fange rømlingane?
  • Korleis kvitte oss med dei?Firda Tidend skreiv ein informativ artikkel den 2.2. om hagerømlingar. Når vi les artikkelen skjønar vi alle at her har hageeigarar, jordeigarar, entreprenørar og kommunen ein kamp å kjempe for å redusere spreiing av desse plantane. Hageselskapet håpar på at det kjem mange hageeigarar, entreprenørar som grev og flytter jord og dei i kommunen som slær og ryddar på kommunale eigedomar. Til fleire som tek kampen mot rømlingane, til større sjanse er det å få vekk litt av desse plantane. Kanskje kjem også MESTA.
  • Til alle som vil bli kjende med både hagerømlingar og verksemda Påldtun -frukt og bær, kom på temamøte onsdag 14.februar. Interesserte i Gloppen, Jølster, Eid er velkomne, både medlemmer og ikkje-medlemmer!
  • Etter det faglege møte om tema med spørsmål og kaffipause, har Hageselskapet invitert Veronica Hauge m/fleire som driv verksemda -PÅLDTUN FRUKT og BÆR-. Dei produserer saft og syltetøy av frukt og bær som dei dyrkar på garden. Dei hermetiserer ulike sortar frukt og bær. Det er gode og smakfulle produkt som er blitt høgt premierte på ulike messer og mattevlingar. Vi får orientering om verksemda, kanskje blir det også nokre smaksprøver.
  • Vi har også invitert NOMIL for å høyre korleis dei kan ta imot uønska plantar/planterestar.
  • Plantane har gode vekstvilkår for dei likar både fukt og varme og dei overvintrar i kuldegrader.
  • For å få hjelp, har Hageselskapet invitert Tore Larsen frå miljøavdelinga hos Fylkesmannen. Han har vore medaktør i utarbeiding av Rapport nr.3-2016 som har overskrifta -Hagerømlingar og andre arter på avvegar. Vi vil få faglege råd om kva vi må gjere for å nedkjempe desse plantane som for tida veks opp i hagar, parkar, grøfter og vegkantar.