Hagevandring i Jølster

Hagevandring i Jølster

Førde hagelag inviterer medlemer og andre interesserte til hagevandring laurdag 24. august kl13:00 hos Jean og Graham Armishaw.

I denne hagen er alt økologisk dyrka. Hagen er frodig med stort utval av planter og vekster. Grusdekke med opphøgde bed og pallekarmar letter praktisk vedlikehald.
Her finst mange kreative og gode løysingar med gjenbruk av ein båt, trestubbar og engelske skorsteinspiper. Sommarplanter og nyttevekstar er sådd og ala opp i eige drivhus. Hovudfokus er å være sjølvforsynte med bøner.

Nytt høvet til hageglede og inspirasjon.

Velkommen.

Adresse:
Nikolai Astrups veg 1333, Myklebust,
6847 Vassenden,Jølster