Inspirasjon til verving

Inspirasjon til verving

Verving er eit aktuelt tema i hagelaga våre. Suldal hagelag gjekk systematisk til verks og verva 13 medlemmer på ein kveld!

Suldal hagelag er eit aktivt lag, faktisk så aktivt at dei er kåra til Årets hagelag 2020 i Rogaland. Dei er aktive på mange område, ikkje minst på verving. Så når dei hadde ein god og kjent føredragshaldar, Margunn, kjent frå Margunns kjøkkenhage, rekna dei med at det ville koma folk som ikkje var med i hagelaget.

Dei utstyrte seg difor med eigne verveark, tok 50 kroner i inngangspengar for ikkje-medlemmer, pengar dei slapp å betale dersom dei melde seg inn der og då. Dei hadde også besøk av ein journalist frå lokalavisa – som også melde seg inn!

– Nokon frå styret sto i døra og tok imot, ønska velkommen og oppfordra til medlemskap. Under loddtrekninga fekk dei nyinnmelde ein ekstra vinnarsjanse. Vi prata også om kor viktig verv i lag er for laget. Det er så lett å gløyme verving, men denne gongen bestemte vi oss og det lukkast vi med. Alt i alt fekk vi 13 nye medlemmer, mange av dei unge, denne kvelden. Så det var ein suksess, fortel leiar Solfrid Wannberg, som legg til at det kom nok eit nytt medlem den veka. Så i løpet av ei veke fekk Suldal hagelag 14 nye medlemmer.