Epletur til Hardanger

Epletur til Hardanger

Lørdag 14. september arrangerer vi den tradisjonelle Epleturen vår til Steinstø Fruktgard og Gimle Planteskule i Hardanger. Bussen køyrer frå Skogsvåg bussterminal kl. 8.30. Påstigning på Straume bussterminal, Storavatnet bussterminal, Bystasjonen og event. stopp i mellom. Viktig at ein gir beskjed om kor ein vil komme på bussen ved påmelding. Retur til Skogsvåg ca kl. 18.00. Pris kr. 500,- inkluderer buss og lunsj. Barn under 18, kr. 100,- Påmelding innan 9. september til . Ingunn H. Bildøy på tlf. 977 77 145. Det må vere minimum 20 vaksne påmelde for at turen skal gå av stabelen. Ved påmelding treng vi og informasjon om event. matallergiar eller -intoleransar og telefonnr. om vi treng kontakte deg.