Vil hjelpe bier og humler

Vil hjelpe bier og humler

Regjeringa la i dag fram ein nasjonal strategi for å sikre levedyktige bestandar av villbier og andre pollinerande insekt. Åtte ministrar har signert strategien.

– Mykje av den maten vi sett på bordet er avhengig av pollinering, og det er difor viktig for verdas matproduksjon at vi tek vare på dei pollinerande insekta. Alle som forvaltar eit areal kan gjere tilhøva betre for humler, bier og andre insekt, anten det er bønder, dei som steller parkane i byen eller dei som har ein hage. Med denne strategien ønskjer vi å få fleire med i ein koordinert nasjonal innsats for dei pollinerande insekta våre, sa landbruks- og matminister Jon Georg Dale ved lanseringa.

Meir om strategien