Hagefest og rabarbrafestival i Bø søndag 16. juni kl 13.00 til 16.00

Hagefest og rabarbrafestival i Bø søndag 16. juni kl 13.00 til 16.00

Søndag 16. juni kl 13.00 til 16.00 blir det rabarbrafestival i Bø Prestegard I vår har det blitt planta mange nye planter i prestegardshagen. Vi fekk støtte frå Kulturminnefondet og det arbeidet er ferdig nå. Hagen er så absolutt blitt verdt eit besøk og vi gjentar suksessen frå i fjor med Rabarbrafestival!

Det blir konkurranse om beste rabarbrapai eller rabarbrakake og kven kjem med det største rabarbrabladet i år? Levering i prestegarden før kl 13.30.
Klokka 13.30 blir det eit kort foredrag om rabarbra( ved Bjørn Steen…?)
Det blir sal av kakestykke frå dei innkomne kakene og deling av oppskrifter. Du kan og få kjøpt andre kaker og rabarbrarettar, kaffe og te.
Vi har og eit lite utsal av planter og det vil bli natursti og konkuransar i hagen.
Velkomen til store og små!

Helsing vennelaget i Prestegarden og Bø og Sauherad Hagelag