“1000 opne hagar”

“1000 opne hagar”

Besøk Jean og Graham Armishaw søndag 24. juni på Myklebust i Jølster, frå kl 1100 - kl 1800.

Førde hagelag er glade for at Jean og Graham Armishaw opnar hagen sin i høve Hageselskapet sitt arrangemet “1000 opne hagar” denne dagen.

Hagen på sørsida av Jølstavatnet inneheld det meste. Her er det mange kreative løysingar, gjenbruk og økologisk dyrking og sjølvlaga som gjeld. Mange spennande av planter, busker og nyttevekster trivst og veks godt. Dei finst overalt enten dei er planta i båten, i opphøya bed, i drivhuset eller i heimelaga plantetrau og engelske skorsteinstoppar.

Nytt høvet til besøk denne dagen og opplev hagegleda.