Nytt hagelag i Sande Møre og Romsdal

Nytt hagelag i Sande Møre og Romsdal

Sande (mr) hagelag vart skipa i november 2017, og elleve interesserte var til stades på skipingsmøtet i Brekkegarden. Vi har medlemer både frå Sande og Herøy kommunar, og pr. februar 2018 tel laget om lag tredve medlemar. 

Frå venstre: Nina E.Bøe, Brynhild Mykkeltveit, Jill-Mari Bøe, Inger-Johanne Lillestøl og leiar Nina Tangen Arnesen.

Styret for det nye hagelaget er sett saman slik:

Nina Tangen Arnesen   Leiar

Brynhild Mykkeltveit   Sekretær

Jill-Mari Bøe   Kasserar

Nina E. Bøe   Studieleiar

Inger-Johanne Lillestøl   Styremedlem

Laget har utarbeidd ein aktivitetsplan for hageåret 2018 som mellom anna inneheld kurs i hageplanlegging, medlemstur til Ona, kurs i spiselige vekstar, tur til hagesenter i Nordfjord, og frø- og plantebyttedag. Laget har også planar om å halde ein temakveld om haustarbeid i hagen.

På førre styremøte vart det vedteke at laget skal jobbe fram mot tur til Chelsea Flower Show til neste år. Vi kjem til å bu i Kent under opphaldet, og skal vitje fleire hagar der, mellom anna Sissinghurst Castle.

Vi held til i Brekkegarden, ei restaurert sunnmørsstove frå 1893 som står på Sande kommune si kulturminneliste. I Brekkegarden er det planlagt oppstart av rosehage med historiske roser, ein hage som skal vere open for ålmenta.

Her er det også eit andelsbruk under oppstart, der medlemar i hagelaget blir prioriterte.

 

Vi gler oss over å ha fått til eit lag for alle dei hageinteresserte her på ytre søre, og ynskjer medlemar frå alle dei omkringliggande kommunane varmt velkomne til å vere med.

   

 

Bilete frå Brekkegarden