Beskjering av frukttre

Beskjering av frukttre

Til trass for dårleg ver var det bra oppmøte når vi skulle beskjere ulike typar frukttre.

Vergudane var ikkje på vår side når vi tok turen til Båthaugen på Klokk denne vårkvelden. Under kyndig instruksjon av Charles Jacobsen fekk vi ei innføring i korleis ein skal beskjere frukttre. Vi var innom ulike typar tre som plomme-, eple-, pære-, kirsebær- og ferskentre.

03.14 Beskjering av frukttre14.03.2017 kl. 07.56.49 10

Denne gongen var det unge frukttre vi tok for oss. Er det eldre tre det er snakk om er det viktig å ta så mykje at du kan kaste hatten gjennom 🙂

03.14 Beskjering av frukttre14.03.2017 kl. 07.56.49 8

Interesserte deltakarar følger godt med så ein ikkje går glipp av noko når ein skal heim til eigen hage og gå laus på eigne tre.

03.14 Beskjering av frukttre14.03.2017 kl. 07.56.49 17

Etter endt økt gjorde det godt å trekke inn i stabburet og kose seg med varm drikke, litt frukt og kanelsnurrar.