Hagetur til Osterøy

Hagetur til Osterøy

Lørdag 1. juni drar vi på hagetur til Osterøy. Vi besøkjer hagane til familiane Elvik og Sandgren/Vatle i Valestrandsområdet, samt at vi får handle på Litland gartneri/Hageland Osterøy. Vi drar med buss frå Straume Bussterminal kl. 10.00. og returnerer om lag kl. 17.30. Det er høve til ombordstiging på strekninga Straume - Osterøy via Åsane. Pris kr. 500,- inkluderer hagebesøk, buss og lunsj på Eides kafe og handleri. Påmelding innan 20. mai til Mary-Anne Golten på tlf. 481 14 422. Viktig med informasjon om matallergiar og -intoleransar. Vi må vere minimum 20 påmelde for at turen går av stabelen. Både medlemmar og andre er hjarteleg velkomne til å bli med!

Frå Sandgren og Vatle sin flotte hage i Åsen. Her er bl.a. fine staudebed, hagedam og orangeri. Foto: hageeigar.

 

 

Bilete frå fam. Elvik sin flotte hage. Her er bygg og murar i naturstein, samt mykje fin beplanting. Foto: hageeigar.