Laster Arrangementer

« Alle Arrangementer

  • Dette arrangement har allerede funnet sted.

Årets tur med hagelaget!

15 juni kl. 09:00 - 19:00

Turen i år går til  Vindafjord der me besøkjer 2 flotte hagar i Nedre Vats.

Besøk hos Nina Stråtveit og ‘Hagen i Vats’. Omvising i renessansehagen, her er både gammaldagse roser, hagedam og galleri.

Vandring i hagen hos Ingrid Marie Dahle. Ein stor hage med ulike tre, buskar og planter.

På heimvegen har me sett av god tid til besøk i hagesenter.

Praktisk informasjon: Det er leigt inn buss. Bussen køyrer frå parkeringsplassen i Sæ laurdag 15. juni kl 09.00. Me er tilbake på Stord mellom 17 og 19

Pris pr. pers for medlemar kr 300,- Ikkje medlemar kr . 500,-

Møt opp i god tid før avreise. Ta med mat og drikke, så finn me ein høvande plass me kan eta i lag. Frist for påmelding er 10. juni. Vil  du vil sikra deg plass er det lurt å vera tidleg ute. Om me vert mange er det første mann til mølla som gjeld.

Ynskjer du å vera med på denne turen? Ring eller send melding til Toril tlf: 93 66 69 18 eller Sofie tlf: 47 60 35 09.

Bindande påmelding. Me tek betaling på bussen. Du kan betale kontant eller du kan nytta Vipps.  Me håpar at dette skal bli ein kjekk og inspirerande tur .

Håpar å sjå deg

Detaljer

Dato:
15 juni
Tid
09:00 - 19:00
Kategori for Arrangement:
Personvern og cookies