Æresmedlem Bjørg Rasmussen

Tysdag 12. mars utnemnde Hageselskapet Sotra med stor glede sitt første æresmedlem.

 Tysdag 12. mars utnemnde Hageselskapet Sotra med stor glede sitt første æresmedlem. Bjørg Rasmussen vart heidra for sitt lange og trufaste engasjement for laget, der ho har vore leiar og revisor i ei rekkje år. Bjørg har vore medlem i Det norske Hageselskap sidan 1969 og har vist stor entusiasme for lokallaget frå starten i 1971. Ho har òg vore leiar i Hageselskapet Hordaland. I 1995 mottok ho med rette Det norske Hageselskapet sitt heidersteikn og diplom.